أَيَا مُرِيْدَ الله
Nn
الله الله الله الله سَيَّدِي الله
الله الله الله اَلْعَظِيْمُ الله
Allah Allah Allah Allah, min Herre er Allah
Allah Allah Allah, den Allmektige er Allah
أَيَا مُرِيْدَ اللهُ نُعِيدْ لَكْ قَوْلِ اصْغَهْ
إِذَا تَفْهَمْ قَوْلِي بِهِ تَصِلْ لِلّهْ
Å, du som søker Allah, eg gjentek eit ord du må lytta til
Om du skjønar mine ord, skal du gjennom dei nå fram til Allah
عَلَيْكَ يَا مُرِيدْ بِخَمْرَةِ التَّوْحِيدُه
وَإِنْ تَبْغِ الْمَزِيدْ فَالْغَيْرُ عَنْكَ انْسَهْ
Det er din veg, å søkar, å drikka av einskapens vin
Og om du ønskjer meir, så gløym alt anna enn Han
فَاذْكُرْ الاسْمَ الْأَعْظَمْ وَاطْوِ الْكَوْنَ تَغْنَمْ
وَخُضْ بَحْرَ الْقِدَمْ فَذَاكَ بَحْرُ الله
Nemn det største namnet og fald saman universet så du vinn
Og dykk ned i æve-havet, for det er havet til Allah
وَخُضْ بَحْرَ الْأَنْوَارْ وَالْمَعْنَى وَالْأَسَرَارْ
وَافْنِ هَذِي الدِّيَارْ يَبْلُغْ قَلْبُكْ مُنَاهْ
Og dykk ned i havet av lys, av meining og av løyndomar
Og utslett desse rika, så hjartet ditt når sitt mål
وَلْتَفْنَ في الْمَعْبُودْ تَذُوقْ مَعْنَى الشُّهُودُ
إِذْ لَيْسَ ذَا الْوُجُودْ إِلَّا مِنْ نُورِ الله
Forsvinn i Den tilbedne så du smakar skodingas meining
For denne eksistensen er inkje anna enn lyset frå Allah
الْمُلْكُ وَالْمَلَكُوتْ كَذَاكَ الْجَبَرُوتْ
فَكُلُهَا نُعُوتْ وَالذَّاتُ مُسَمَّاهُ
Det jordiske og det himmelske riket, og like eins maktas rike
Alt dette er berre skildringar, og Essensen er den namngjevne
فَغِبْ عَنِ الصِّفَاتْ وَافْنَ في ذَاتِ الذَّاتْ
هَذِي تَلَوُّنَاتْ مَصِيرُهَا لِلِهُ
Gå bort frå eigenskapane og forsvinn i Essensens Essens
Dette er berre fargeskiftingar som alle endar hjå Allah
إِلَيْهِ الْمُنْتَهَى وَمِنْهُ الْمُبْتَدَا
وَالْآنَ قَدْ بَدَا وَالْكَوْنُ فِي حُلَاهْ
Til Han er slutten og frå Han er byrjinga
Og no har Han synt seg, og universet strålar i Hans pryd
لَهُ الْكَوْنُ مِرْآتْ وَمَظْهَرُ الصِّفَاتْ
مُحَمَّدْ نُورُ الذَّاتْ عَلَيْهِ صَلَّى الله
For Han er universet ein spegel og ein stad der eigenskapane vert synlege
Muhammed er Essensens lys, over han vere Allahs velsigning
الْعَلَاوِيْ يَقُوْلْ قَوْلًا مِنْهُ مَقْبُولُ
تَهِيْمُ بِهِ الْعُقُولْ تَغِيبْ فِي ذَاتِ الله
Al-Alawi seier eit ord som er fullt ut godteke
Forstanden vert dregen mot det og forsvinn i Allahs Essens